Fres på Myspace

Leeiinga og Rupert Murdoch kom endeleg til einigheit.

Det var seint på ettermiddagen onsdag at leiinga for Fres Festival 2007 omsider takka ja til å ha ei side på etterkvart so famøse Myspace.com. Sida var ikkje før komt opp før dei breie lag i folket sette ymse drikkar i halsen idet dei tolka dette som at leiinga har gjort knefall for storkapitalen, opna opp for soyaprodukt og stengt att for øl, telt og rock. Det var med dette in mente at leiinga nok ein gang prioriterte handling framfor styremøte og kalla inn til pressekonferanse.

-Det er klart at alle våre svar til pressa opnar med orda “”det er klart at””, men utover det vil vi berre få påpeike at denne myspace sida kun vil være til glede og informasjon for festiavalgjengarar over heile verda, opna ein velkledd Per Christian Grov.

-Jepp. Eg kunne neppe sei meg meir einig, Grov. Vi har sagt det før og vi seier det meir enn gjerne igjen. Vi forheld oss til Manifrestet, og det er heilt klart på dette punktet; det vil ikkje verte høve til å eta eller oppbevara tofu på Fresn, avslutta ein velartikulert Gunnar Husabø frå festivalleiinga idet han bankar innpå fire San Pellegrino naturell av upåklageleg kvalitet.

For å verte informert om Fres Festival 2007 klikk heeeeeeeeeeeeeeer.