Sub Sahara conquered!


Det akademiske miljøet i det ganske land gjev seg ende over etter frekk sosialantropologisk manøver!

Idet norsk samfunnselite hadde slege seg til ro med at den tilsynelatande evigekspanderande Fresorgansimen no til slutt hadde kome til vegs ende kunne den alltid adaptive leiinga på ei ekstraordinær pressekonferanse kunngjere at deira afrikautsending Kjell “Smell” Barsnes endeleg har lukkast i å oppretta kontakt med ein innfødd stamme og deira husdyr. Sjølv om kontakten med Barsnes er for sporadisk å rekne, er det på det reine at han har oppretta kontakt med lokale og at utveksling av erfaring og nøkkelkompetanse med ein afrikansk venskapsfestival er innan rekkevidde.

Det var ei vellopplyst og multikulturelt bevisst festivalleiing som natt til mandag tok imot spørsmål frå eit informasjonshungrig pressekorps.

-Kvifor akkurat det afrikanske kontinent?

-Det er klart at vi lenge har hatt Mor Afrika i kikerten med tanke på utveksling av personell, kompetanse og andre nøkkelbegrep med varierande reelt innhald, og at Kjell “Smell” Barsnes, som vi ifjor nytta som ein Borat-liknande figur i Seattle, Washington State, no har lukkast i å opprtta lokasjon Tanzania vitnar om at eit viktig delemål i ein lang og spanande prosess no er igang. Som de sikkert hugsar pløygde vi og opp ein heil del mark i Mexico idet vi sendte over representantar for leiinga sovel som Fresjuridisk avdeling og avdeling for konstruksjon og sveis, kunne ein velartikulert blazerbekledd Gunnar Husabø melde idet han tømer ei lett avkjølt Farris Naturell og gjev pressekonferansen ei verdig avslutning.