Første band bekrefta!

Beinharde Mistur kjem for å gjere Fresvik utrygt!

Det var med ekstrem entusiasme at bookingavdelinga ved den kredible festivalen Fres Festival kunne melde at supergruppa Mistur frå Kaupanger kjem til å ta turen til Fresvik. Mistur, som gjorde ein hardslåande konsert på årets Støy festival i Sogndal, vil no legga seg i hard kommandotrening ein fjøskjellar i Amla ein plass. Nyhende greidde etter mykje um und aber å komma i kontakt med ein av medlemmane i Mistur.

-Jepp, Mistur e klar med eit forrykande show på Fresn 2007!, melder André Raunehaug i ein sikkerheitsklarert mail.

Fresn.com! Back at last!!

Vevsidenes svar på Apollo 11 er endeleg attende!

Frekkare enn nokon sinne! Etter at IT-Noreg har fått sysla på i fred sidan starten på august 2006 vert ein no på ny nøydd til å revurdera kva som er gjeldande standard for nettsider om dagen. Støvskya etter tidenes mest proaktive nettbaserte forbikøyring har nemleg nett lagt seg, og langt framme i horisonten kan dødelege vevtegnarar skimta fresn.com idet den stig som fugl føniks opp mot cyberhimmelen. Fresn.com; eit nytt paradigme kva frekt design og heilintegrert brukarvenlegheit vedkjem er endeleg attende for å gjera arbeidsdagen kortare og internettlivet generelt lysare.

Etter seiande er denne straumlinjeforma og heilvalide festen av ei nettside eit resultat av ein lang og spanande prosess som mellom anna har involvert eit tett tverrfagleg samarbeid mellom Fres IT og designbyroet Fresvik Says. Det var to opplagde representantar for desse to organa i fresorganismen som onsdag kveld møtte eit heiltent presseoppbod for ein latte og ein prat på puben på Vangsnes.

-Vi kan ikkje sei anna enn at det er meir enn herleg å endeleg kunna legga ut denne nettbabyen. Den vart som de kanskje allereie har fått med dykk unnfanga under dette tette og til tider lett erotiske samarbeidet mellom Fres IT og Fresvik Says, sa ein tydeleg letta Gunnar Husabø, leiiar for Fres IT idet han gurglar ned fire Olden med kolsyre og eit
hint av Lime. -Vi håpar at sida vil væra til glede for potensiell festivaldeltakarar, fresviker og alle andre som måtte snuble innom for å nyta utsikten, vert det i ein jovial tone lagt til av ein ulasteleg antrekt Per Christian Grov frå det framadstormande designbyroet Fresvik Says.

Sub Sahara conquered!


Det akademiske miljøet i det ganske land gjev seg ende over etter frekk sosialantropologisk manøver!

Idet norsk samfunnselite hadde slege seg til ro med at den tilsynelatande evigekspanderande Fresorgansimen no til slutt hadde kome til vegs ende kunne den alltid adaptive leiinga på ei ekstraordinær pressekonferanse kunngjere at deira afrikautsending Kjell “Smell” Barsnes endeleg har lukkast i å oppretta kontakt med ein innfødd stamme og deira husdyr. Sjølv om kontakten med Barsnes er for sporadisk å rekne, er det på det reine at han har oppretta kontakt med lokale og at utveksling av erfaring og nøkkelkompetanse med ein afrikansk venskapsfestival er innan rekkevidde.

Det var ei vellopplyst og multikulturelt bevisst festivalleiing som natt til mandag tok imot spørsmål frå eit informasjonshungrig pressekorps.

-Kvifor akkurat det afrikanske kontinent?

-Det er klart at vi lenge har hatt Mor Afrika i kikerten med tanke på utveksling av personell, kompetanse og andre nøkkelbegrep med varierande reelt innhald, og at Kjell “Smell” Barsnes, som vi ifjor nytta som ein Borat-liknande figur i Seattle, Washington State, no har lukkast i å opprtta lokasjon Tanzania vitnar om at eit viktig delemål i ein lang og spanande prosess no er igang. Som de sikkert hugsar pløygde vi og opp ein heil del mark i Mexico idet vi sendte over representantar for leiinga sovel som Fresjuridisk avdeling og avdeling for konstruksjon og sveis, kunne ein velartikulert blazerbekledd Gunnar Husabø melde idet han tømer ei lett avkjølt Farris Naturell og gjev pressekonferansen ei verdig avslutning.

Nytt statistikksjokk!

På fredag vart FOS 2/2006, den andre offisielle statistikkmeldinga frå FresSB publisert. Det viser seg no at festivalleiinga kan ha haldt tilbake opplysingar frå ålmenta.

Berre den første delen, som omhandla kor mange band som har opptredd på festivalen, vart publisert. Av enno ukjende grunnar vart den andre delen av artikkelen, som omhandla publikumsoppmøtet ikkje teke med på nettsidene. I ein lite overbevisande provisorisk pressekonferanse på ein pratekanal på IRC, forklarte IT-avdelinga det som “eit hendig uhell”. Då FresSB gjorde IT-avdelinga merksame på feilen, vart artikkelen oppdatert i sin fullstendige versjon.

Det har likevel dukka opp spekulasjonar om handteringa av saka eigentleg er ei tåkelegging av tilhøva rundt Fres 06. Ei anonym kjelde meiner IT-avdelinga medvite har haldt tilbake den andre delen av artikkelen for å minimere skadane denne saka kan påføre organisasjonen. Den anonyme kjelda peikar samtidig på dei svært tette banda mellom festivalleiinga og IT-avdelinga.

Mistankane om at det har føregått snuskete spel i korridorane vert styrka når ein ser at FresSB eksplisitt peikar på manglar ved leiinga si handtering av saka:

“FresSB råder ledelsen i Fres Festival til å gå årets angivelige festival nøye etter i sømmene for å se hvor det glapp rent organisatorisk.”

Ingen representantar for leiinga var tilgjengelege for kommentarar.