Fresn.com! Back at last!!

,

Vevsidenes svar på Apollo 11 er endeleg attende!

Frekkare enn nokon sinne! Etter at IT-Noreg har fått sysla på i fred sidan starten på august 2006 vert ein no på ny nøydd til å revurdera kva som er gjeldande standard for nettsider om dagen. Støvskya etter tidenes mest proaktive nettbaserte forbikøyring har nemleg nett lagt seg, og langt framme i horisonten kan dødelege vevtegnarar skimta fresn.com idet den stig som fugl føniks opp mot cyberhimmelen. Fresn.com; eit nytt paradigme kva frekt design og heilintegrert brukarvenlegheit vedkjem er endeleg attende for å gjera arbeidsdagen kortare og internettlivet generelt lysare.

Etter seiande er denne straumlinjeforma og heilvalide festen av ei nettside eit resultat av ein lang og spanande prosess som mellom anna har involvert eit tett tverrfagleg samarbeid mellom Fres IT og designbyroet Fresvik Says. Det var to opplagde representantar for desse to organa i fresorganismen som onsdag kveld møtte eit heiltent presseoppbod for ein latte og ein prat på puben på Vangsnes.

-Vi kan ikkje sei anna enn at det er meir enn herleg å endeleg kunna legga ut denne nettbabyen. Den vart som de kanskje allereie har fått med dykk unnfanga under dette tette og til tider lett erotiske samarbeidet mellom Fres IT og Fresvik Says, sa ein tydeleg letta Gunnar Husabø, leiiar for Fres IT idet han gurglar ned fire Olden med kolsyre og eit
hint av Lime. -Vi håpar at sida vil væra til glede for potensiell festivaldeltakarar, fresviker og alle andre som måtte snuble innom for å nyta utsikten, vert det i ein jovial tone lagt til av ein ulasteleg antrekt Per Christian Grov frå det framadstormande designbyroet Fresvik Says.