Fres Festival representert i snobbete og elitistisk nettverk!

Misser leiinga fotfestet?
Det var ikkje so reint få i dei breie lag av folket som sette småbitter morgonkaffi i halsen idet dei vart var nyhenda om at Fres Festival er nemnt på nettstaden underskog.no, ein nettstad der kjendisar og andre utesvevande karakterar nettverkar og tipsar kvarandre om sine respektive happenings , events og cocktail parties. Nettstaden har mellom anna i den semikredible kulturblekka Aftenposten blitt omtala som heller snobbete.

Var dette startskotet på reisa som vil bringa leiinga i Fres Festival, folkets Festival, på ein einvegs luksusbillett inn til kjendishysteri, henging med kulturministrar og snorting av kokain, langt langt vekk frå Fresvik, telt, øl, rock og tofumotstand?

Dagen var ikkje blitt meir enn prepubertal før den allid agile leiinga sette handling framfor ord og seg sjølve bakom bord og kalla inn til pressekonferanse og brannsløkkning på Kunstnerenes Hus.

-Vi kan beroliga alle med at Fres Festival framleis vil gå av stabelen på Skausgarden i Fresvik og ikkje i eit obskurt industrilokale på Grønland. Det generelle veskeinntaket vil framleis bestå av leskande telt-temperert pilsnerøl og ikkje macciato (den nye latte. Red anm), det generelle næringsinntaket vil framleis bestå av grilla landgåande pattedyr og ikkje av…de skjønar, utla ein morgonfrisk, nonchanlant og Perrierslurpande Per Christian Grov frå leiinga til det respektable presseoppbodet.

På spørsmål om kvifor Fres Festival no er å finna på denne nettstaden svara Gunnar Husabø frå IT-avdelinga: – Vi ansåg det som vår plikt å opplysa til og med dei for kven omgang med folkeleg kultur fortonar seg som møbelsalg i romjula at det i Fresvik, Sogn Indre, finn stad ein festival av ein sopass frekk karakter at til og med desse har rett til å få vita om det.

Og på spørsmål om korleis den handlekraftige festivalleiinga har greidd å snika seg seg inn eit tilsynelatande hemmeleg og ugjenomtrengeleg nettverk svara ein tweedbekledd Husabø: – øh, nei altso. For å sei det sånn, Fresorganismen armar strekkjer seg pr no lenger enn til Vangsnes.