Fresvik Says ekspanderar!

Designmiljøet i Noreg og verda forøvrig i sjokkliknande beundring! Nyheita om at Fres Festival sitt eige designbyro Fresvik Says, representert ved kreativ motor Per Cliffor Grov, a.k.a. Grooveart er hyra inn for å designa cd-cover for eit ikkje namngitt band frå den norske metallscena sendte sjokkbølgjer gjennom heile Grunerløkka idet den dompa ned i
den doble latten til eit kollektivt norsk designmiljeu. Dette idet dei innsåg at når ein aktør som kan leggje for dagen eit slikt frekkheitsnivå kjem på marknaden, går dei alle harde tider i møte.

Ved Fresvik Says sin filial i Oslo var det derimot langt større stemning. Nyhende var so heldige å få møta sjølvaste Grooveart til ein meir enn jovial designprat og ein nytrekt cortado på ein kredibel cafe på Grunerløkka, der Stadtteil des Moglichkeitens.

-Det er klart at dette blir eit spanade oppdrag for oss i Fresvik Says. Spesielt ser vi fram til å bransja oss og å dela ut nye og monsterfrekke visittkort.

-Kva trur du er grunnen til at eit ikkje enno namngitt norsk metallband gjekk for akkurat deg og Fresvik Says?
-Det ligg jo som kjent mange grunnar bak riktige valg. Det kan væra Fresvik Says si uttalte motstand mot tofubaserte produkt til døms, men hovudgrunnen er nok at Fresvik Says, til liks med Fresorganismen forøvrig, opererar med kvalitet og frekkheit i alle ledd.

-No som du er iferd med å breike designmarknaden, kjem Fresvik design til å gå vekk frå Fres Festival og i siste instans forlata Fresvik?
-Det varmar sjølvsagt eit macciatotrekt designarhjarte å høyra at det eksisterar ei viss frykt for at Fresvik Says, Fresn sitt eige designbyro, kjem til å forlata sine røter, men frykt ei mine kjøtelskande vener, Fresvik Says og Fres Festival er eitt til tofudøden tek oss alle!