Tilbake til joggebuksa!

Eg arbeidar dagleg i grafisk avdeling på HQ, Fresvik City. Kvar dag er lunsjen klokka 11:13, kvar dag kjem posten med bil frå Vik klokka 11:37. Kvifor er alt alltid så presist i Fresvik? Kvifor kan ikkje me, som alle andre bedrifter i smb-markedet seie at lunsjen er sånn i halv tolv-tida, og at posten kjem i lunsjpausen? Det er ikkje det at det irriterar meg så grundig, for punktligheit er jo viktig det, men kor er joggebuksementaliteten? Med det meinar eg, kor er slacket? Når vart me så jævla pedantiske?
Eg skuldar ikkje på nokon, men eg veit at Håvard borte på newsdesken er ein smule hard med deadlines, og at Gunnar på IT har eit usunt forhold til validering, ja med henhold til html, xhtml og php altså. Eg ser sjølv at oss gutta på grafisk til tider kan virke litt kontrollerande på postscript og eps, eg er ikkje redd for bjelken i mitt eige auge.

Det er i etasje 18 at problemet ligg, leiinga, denne massen av erfaring og kompetanse, under leiing av sjølvaste Skau. Det er her me treng kaospilotering, det er her me må rive opp litt i strukturen. Det er leiinga som må seie frå, det er leiinga som atter ein gong må innføre joggebuksementaliteten som me hugsar så godt frå 2005.
“Men me må jo sikre at alt går på skinner, så me ikkje sporar av” ropar feigingane i tredje etasje, der dei sit med statistikkane sine. Jo, fresSB har eit godt poeng, leiar Vormeland Salte skal ha for det. Men var det ikkje nettopp V. Salte som tidlegare i år uttala: “- Utan litt moro blir det ikkje statistikk” ?

Nei, tilbake med frukostkaffien seier eg. Tilbake med samlinga rundt møtebordet i nitida med brainstorming og kaker frå Kafresn! Tilbake med det joviale klapset på rumpa etter endt arbeidsdag! Tilbake med stillstand i Nyhende, uvalidert xhtml og dårleg jpg-komprimering!

VIS OSS DI JOGGEBUKSE OG ME SKAL SEIE DEG KVEN DU ER!