Eg ventar på hamburgaren min. Det er ulideleg. Oi, her kjem den visst. No vart eg glad. Eigentleg skulle eg ha ete farsekebab. Det er jo Farsdag.

Vel heim!
Håvard
Eg ventar på hamburgaren min. Det er ulideleg. Oi, her kjem den visst. No vart eg glad. Eigentleg skulle eg ha ete farsekebab. Det er jo Farsdag.

Vel heim!
Håvard
No har det angiveleg skjedd på nytt. Eg anar ikkje korleis, men nok ein gang vert det rapportert om sokalla PC sightings i norsk media. Det vert hevda at det er snakk om at det er ein pågåande debatt om at det endå ikkje er oppnådd ein konsensus om det vert spekulert i at ein Per Chrisitan Grov frå Lærdal, og kjent som medlem av den agile leiinga i Fres Festival, syner frekkheit på tv om dagen.
Det er altso ikkje i Nevada det er gjort observasjonar, men heller på NRK i beste sendetid fredagskvalden. Som spontanabortert ut av Dan Browns livmor har unge lovgivande Grov blitt observert av falkeblikk landet rundt. Arg! Om berre den gravande avdelinga av Nyhende redaksjonen hadde vore her so kunne vi ein gang für die ganze fått oppklart kva som eigentleg går føre seg. Men akk, dei er jo på tur med individliberalisten Stig Amadeus deLange og kjem ikkje attende før på nyaaret. Nuvel… Som vi seier i leiinga – du kan sei mangt og mykje om eit H2O molekyl, men vått er det ikkje.
God Helg
Håvard
Etter ein herleg lunsj i kafresn-franchisen i fresHQ tok eg som vanleg heisen ned til IT-avdelinga sine korridorar i kjellaren. Dørene opna seg, og eg høyrte den vande duren av serverane i det brann- og oversymjingssikre og bomberommet.
Men det var noko som ikkje stemde. Den vesle indaren vi plar ha sitjande lenka til ventilasjonsrøyra for å skrive algoritmar, var vekke. Nokon hadde rappa han.
-Steike, sa eg.
I bosbøtta låg skissene til den nye nettbutikken «Fresn Rent-A-Pet» samankrølla og skitne, og ein kabel var uttrekt frå mainframen. Det draup bilde og forum-postar som samla seg i ein våt flekk på golvet. Dette betydde berre ein ting: IT-avdelinga måtte trappe ned aktiviteten.
Frå plakaten på veggen smilte Linus Torvalds sørgmodig til meg. Det var som om han sa: – Du kan ikkje vinne kvar gong; gå og kjøp deg ei ostepølse med bacon, og vent til nyåret, så skal du sjå alt ordnar seg.
Gunnar
Eg gjekk som vanleg til jobb i redaksjonslokala på Skausgarden i Fresvik, Sogn indre. Det var noko som ikkje stemde. Døra var open, og det hang spindelvev og flaggermus ned frå taket i vestibylen. Eg undra meg litt, både på korleis spindelvev kan dukka opp i betong-glas-børsta stål vestibylen frå ein dag til ein anna, samt at resepsjonsbaben ikkje var til stades. Kan verkeleg både ISS facility services og Adecco Personal svikte på ein og same dag?
Anyhoo, eg tok heisen opp i tolvte etg. der Nyhende redaksjonen held til. Det personalpolitisk korrekte opne kontorlandskapet var tomt. Kvar var det blitt av den latteslurpande gjengen av journalistoppkomlingarsom utgjer Nyhende redaksjonen?? Einaste sporet eg fann var ein post it med følgande beskjed; Hei! Vi har slege følgje med Stig Amadeus deLange på ein av hans mange reiser rundt om i verda. Denne gangen til Mauritius. Snakkast i 2007!
Helvete. Velvel. Eg får blogga litt istaden.
God helg!
Håvard Ese Eliassen, Redaktør Nyhende