IT-avdelinga trappar ned

Etter ein herleg lunsj i kafresn-franchisen i fresHQ tok eg som vanleg heisen ned til IT-avdelinga sine korridorar i kjellaren. Dørene opna seg, og eg høyrte den vande duren av serverane i det brann- og oversymjingssikre og bomberommet.

Men det var noko som ikkje stemde. Den vesle indaren vi plar ha sitjande lenka til ventilasjonsrøyra for å skrive algoritmar, var vekke. Nokon hadde rappa han.

-Steike, sa eg.

MainframeI bosbøtta låg skissene til den nye nettbutikken «Fresn Rent-A-Pet» samankrølla og skitne, og ein kabel var uttrekt frå mainframen. Det draup bilde og forum-postar som samla seg i ein våt flekk på golvet. Dette betydde berre ein ting: IT-avdelinga måtte trappe ned aktiviteten.

Frå plakaten på veggen smilte Linus Torvalds sørgmodig til meg. Det var som om han sa: – Du kan ikkje vinne kvar gong; gå og kjøp deg ei ostepølse med bacon, og vent til nyåret, så skal du sjå alt ordnar seg.

Gunnar