Men redaksjonen var tom…

Eg gjekk som vanleg til jobb i redaksjonslokala på Skausgarden i Fresvik, Sogn indre. Det var noko som ikkje stemde. Døra var open, og det hang spindelvev og flaggermus ned frå taket i vestibylen. Eg undra meg litt, både på korleis spindelvev kan dukka opp i betong-glas-børsta stål vestibylen frå ein dag til ein anna, samt at resepsjonsbaben ikkje var til stades. Kan verkeleg både ISS facility services og Adecco Personal svikte på ein og same dag?

Anyhoo, eg tok heisen opp i tolvte etg. der Nyhende redaksjonen held til. Det personalpolitisk korrekte opne kontorlandskapet var tomt. Kvar var det blitt av den latteslurpande gjengen av journalistoppkomlingarsom utgjer Nyhende redaksjonen?? Einaste sporet eg fann var ein post it med følgande beskjed; Hei! Vi har slege følgje med Stig Amadeus deLange på ein av hans mange reiser rundt om i verda. Denne gangen til Mauritius. Snakkast i 2007!

Helvete. Velvel. Eg får blogga litt istaden.

God helg!

Håvard Ese Eliassen, Redaktør Nyhende