I dag kom ei rykande fersk statistikkmelding frå FresSB. I korte trekk går den ut på at ein ikkje har vitskapleg grunnlag for å seie om det i det faktisk var band som opptredde under årets festival.
Det har allereie komme sterke reaksjonar på utspelet frå statistikkavdelinga. Folk spør seg – er det mogeleg at vi har vore på ein festival utan band? Kven var det i såfall som stod på scena? Bør vi kutte ned på heimebrenten? 
Funna FresSB kjem fram til står i grell kontrast til det Nyhende allereie har rapportert frå festivalen: THE EAGLE HAS LANDED!! (31. juli 2006).
Festivalsjef Håvard Ese Eliassen sendte ei brevdue frå festivalleiinga sin hemmelege tilhaldsstad i dei sveitsiske alpane. Han skriv:
Det er klart festivalleiinga tek desse påstandane alvorleg. Meldinga vart nettopp offentleggjort, og vi har ikkje hatt tid til å setje oss grundig inn i metodikken. Likevel meinar vi å hugse at opp til fleire band spelte i Fresvik siste helga i juli. Spørsmålet vert no om vi må sjå nærare på rutinane for datainnsamling ved festivalen. Vi vil uansett understreke at vi framleis har full tillit til statistikkavdelinga og bureausjef Salte.