Nok eit band trekker seg

Eit av køntribanda som var booka til Fres vil etter all sannsynlegheit trekkje seg frå festivalen. Det ser altså ut til at publikum ikkje får oppleve det noko mystiske “Glen Oak Community Service”. Bandet, også kjent under namnet “”I Lust for Luster””, har til no vore noko av ei gåte i Fressamanheng. Bookinga av bandet vart kunngjort i dette medieorganet for kring to månadar sidan. Sidan har det vore rimeleg stilt rundt bandet, som også ser ut til å vere skoddelagt med mystikk, kva tidlegare plateinnspelingar og konsertar angår.

Etter det Nyhende kjenner til, er årsaka til at bandet ikkje opptrer at ingen veit kven medlemmene er, og at ingen har klart å få kontakt med dei sålangt. Propagandaminister ved Fres, Håvard Gøbbels Ese, avdramatiserer det heile når Nyhende får kontakt med han på amatørradio på guterommet på Hermansverk:
-Bänder kommen und gehen. Es ist nicht eine Krise. Wir sind gerade froh, die unsere Hauptkenstler noch mit uns sind.