Fresvik får eigen radio!

Fresn.com no endå frekkare enn tidlegare.

Medie-Noreg spør seg; er det mogleg? Fres Festival 2009 får eigen festivalradio i sommar. Sendingane vil gå heile føremiddagen, live frå campscena, og leiinga lovar musikk og intervju av og med alle Fresartistane. Per Christian Grov frå festivalleiinga fortel at dette er eit prøveprosjekt mellom festivalleiinga for Fresn og studentradioen i Oslo.

– Me trur og vonar at RadioFres blir stor suksess, seier Grov oppglødd, og etterlyser musikk frå fleire Fresnartistar.

– Kom dykk i studio, me treng meir materiale, kommanderar festivalsjefen.

Denne artikkelen er i si heilheit saksa frå kulturavisa Sogn Avis.

…publikum kan enn so lenga nyta webradioen ved å klikka på linken på framsida.