Maritimt vidunerbarn bekrefta til Fres Festival 2006!

Ei heller toppidrettsutøvarar greier halda seg vekke frå universets frekkaste festival. At kulturkjendisar strøymer til Fres Festival er meir olds enn news, men at idrettsutøvarar av eksepsjonell klasse også troppar opp kom som ei meir enn triveleg overrasking på leiinga sovel som på Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komite?.

Onsdag ettermiddag vart det nemleg klart at Cecilie Irgens (25) tek turen til Fres Festival. Frk Irgens er rekna som det kommande stjerneskotet på seglingshimmelen og skal i år delta i NM i snipe. Snipe er etter det Nyhende har avdekka ein tokvinners seglbåt, eller jolle, på 15 fot som primært vert nytta til regattasegling.

Cecilie (25) frå Åsgårdstrand, som skal gje alt i NM i snipe, er og kvalifisert for EM i same båt, men dette valde ho å droppa til fordel for Fres Festival 2006.
- Eit naturleg val, men når det er sagt, vi i leiinga er svært beæra over at eit idrettstalent av slikt ekstremt kaliber tek turen til vår audmjuke festival, melder ein matrtosdressbekledd Lars Tore Skau på teleks frå Fres HQ i Fresvik.

- Kva trur du er den eigentlege grunnen til at sportsesset Irgens faktisk tek turen innom?

- Vi antek jo sjølvsagt at det er den heilfrekke bandlista, den laidbacke attityden eller den sunne haldninga til tofu og helsekostprodukt som lokkar ho hit, men vi har og høyrt eit laust rykte om at ho er affiliert med ein av musikarane som spelar på årets utgåve av Fres Festival. Dei freistar kanskje å verte Fresvik sitt svar på Posh and Becks, berre omvendt, legg ein lattermild Skau til i ei bisetning.

Nyhende kjem attende med meir.

The enemy draws nigh!

økologoiske produkt i produksjon farleg nær Fresvik. Det som såg ut til å verte ei roleg veke for Leiinga for Fres Festival 2006 vart femte juni, dagen før satans dag sjette juni 2006 (ei tilfeldigheit, vi trur ikkje det, red.anm) omgjort til noko i retning av ei krigserklæring idet det kom leiinga for øyret at økologisk iskrem vert produsert i Feios, bygda på terskelen til Fresvik.

Leiinga melder om at dei tek dette svært alvorleg.
- Det herskar ingen tvil om at dette er stikk i strid med Manifrestets paragraf 157, sjette avdedeling, som uomtvisteleg seier at det ikkje vert høve til å nytta eller produsera øklogiske produkt på Fres Festival, seier ein vonbroten festivalsjef Lars Tore Skau på satelitt frå Bergen.

Noko av det som opprører leiinga mest skal etter seiande væra det særs inkriminerande sitatet frå Sogn Avis av femte juni:
- Det er spennande å prøva ut nye ting, og økologi er ein ideologi me liker, seier iskremprodusentane i Feios.

-Det opplevast naturlegvis som ubehageleg, ja nesten trugande, når noko slikt dukkar opp ei knapp mil frå festivalområdet. Vi er jo trass alt eit alternativ til alternative festivalar, seier ein alvorstynga men kampklar Gunnar Husabø frå Leiinga på teleks frå Ålesund der han i skrivande stund deltek i ein meir enn viktig konfirmasjon.

Reinvaska!

Leiinga måtte ta “saken” i eigne hender då ingen svara på stillingsutlysinga. hulkepenisEtter å ha venta vekesvis for søknadar på stillinga som hulkepenisreingjerar utan hell, måtte leiinga sjølv ta seg av lem i dag tidleg. “-Ikkje hyggeleg!” var meldinga frå head honcho Per Christian Grov. Nyhende fekk denne meldinga per kjærleiksbrev frå festivalmarskalk Lars Tore Skau; -Eg ynskjer å uttrykke ei stor takk til PC for den vidunderlege gava penisskrubb er.

Hulkepenisen er vorte ein institusjon under Fres 2006, og på spørsmål om den vil gjere ein opptreden på ei scena responderar festivalsjef Husabø; -Det errrr ikkje umogleg, nei rrrrrr.
Slik det ser ut vil hulkepenisen vise seg på hovudscena mellom klokka 21 og 22 laurdag 29.juli.
Nyhende vil fylgje saka vidare.

Leiinga svingar køllene

Dei viktigaste beslutningar vert tekne på golfbana. Som alle andre dynamiske næringslivsorganisasjonar er også leiinga i Fres Festival ute på golfbana for å diskutera taktikk, strategi og alle andre ting av viktigheit. Det var ein opplagd Per Christian Grov som pinsedag tok seg tid til ein jovial prat med pressa etter atten hol på golfbana på Grünerløkka, moglegheitenes bydel.

- Det er heva over ein kvar tvil at det er bak driveren og niarjarnet eg slappar best av og er som mest skikka til å ta mine mest dynamiske avgjerdsler, og dessutan ein skal aldri undervurdera verdien av ein overprisa v-halsa gensar, seier ein oppglødd Grov idet han senker ein birdie og endar opp med småpene fem under par i alt.