Maritimt vidunerbarn bekrefta til Fres Festival 2006!

Ei heller toppidrettsutøvarar greier halda seg vekke frå universets frekkaste festival. At kulturkjendisar strøymer til Fres Festival er meir olds enn news, men at idrettsutøvarar av eksepsjonell klasse også troppar opp kom som ei meir enn triveleg overrasking på leiinga sovel som på Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komite?.

Onsdag ettermiddag vart det nemleg klart at Cecilie Irgens (25) tek turen til Fres Festival. Frk Irgens er rekna som det kommande stjerneskotet på seglingshimmelen og skal i år delta i NM i snipe. Snipe er etter det Nyhende har avdekka ein tokvinners seglbåt, eller jolle, på 15 fot som primært vert nytta til regattasegling.

Cecilie (25) frå Åsgårdstrand, som skal gje alt i NM i snipe, er og kvalifisert for EM i same båt, men dette valde ho å droppa til fordel for Fres Festival 2006.
– Eit naturleg val, men når det er sagt, vi i leiinga er svært beæra over at eit idrettstalent av slikt ekstremt kaliber tek turen til vår audmjuke festival, melder ein matrtosdressbekledd Lars Tore Skau på teleks frå Fres HQ i Fresvik.

– Kva trur du er den eigentlege grunnen til at sportsesset Irgens faktisk tek turen innom?

– Vi antek jo sjølvsagt at det er den heilfrekke bandlista, den laidbacke attityden eller den sunne haldninga til tofu og helsekostprodukt som lokkar ho hit, men vi har og høyrt eit laust rykte om at ho er affiliert med ein av musikarane som spelar på årets utgåve av Fres Festival. Dei freistar kanskje å verte Fresvik sitt svar på Posh and Becks, berre omvendt, legg ein lattermild Skau til i ei bisetning.

Nyhende kjem attende med meir.