Ein månad att til Fresstart!!

,

Tidevatnet nærmar seg for leiing og stab i universets frekkaste festival. Idet juni er i ferd med å verta juli er festivalsesongen på veg mot sitt uomtvistelege apex. Dette er i høgaste grad óg tilfellet i Fres Festival sitt hovudkvarter på Skausgarden i Fresvik, Sogn Indre. Det som for andre kan verka som det komplette kaos, er for Leiinga og deira kløktige stab, etterkvart som nettene blir lange og juli setter inn, det dei kallar Snurring – meir enn turmat. Sjølv om HQ pr idag ser ut som Dresden pr 1945, lovar Leiinga at Festivalen er på stø kurs mot den seremonielle opninga fredag 28. juli.

Nyhende lukkast natt til onsdag å få eit par kommentarar frå ein travel festivalsjef Lars Tore Skau.
– Phu! Det går fort i svingane no, men som dei seier, mellom anna i hovudstaden, ein kan ikkje laga omelett forutan å knekka eit egg eller tre. Til alt hell er leiinga i stor grad prega av singelheit; FresSS målte nyleg grada av i singelheit i Leiinga til å liggja rundt 75% pluss minus 5% konfidensinterval, noko som tillet oppofring av den heilt heilt sjeldsynte sorten, seier ein kontrollert om noko oppspelt Skau på felttelfon like ved Camp Stage.