Spør, og du får svar!

FAQ tenesta på fresn.com fungerar over all forventning. Det var ikkje lenge lesarstormen kring pollen på fresn.com hadde rasa, på internett generelt og på fresnforumet spesielt, før avdelinga for Fresquently Asked Questions, ei synergiavdeling beståande av FresIt og FresSB, var ute med eit utfyllande svar. Det vidgjetne spørsmålet “kva er ein poll?” var som kjent eit mykje stilt spørsmål til FAQ-avdelinga ved Fres Festival, og det var ikkje lenge før spørsmålet var besvart etter alle kunstens reglar.

– At dette viktige spørsmålet (kva er ein poll? red. anm.) er besvart på ein so hurtig og tilfredsstillande måte beviser berre for ei djerv FAQavdeling vi fekk idet vi kombinerte FresIt og FresSB. Synergieffekten er heilt utruleg, seier ein oppglødd Gunnar Husabø, ITgeneralen ved Fres Festival 2006 på telefon frå Tangier.

Nyhende lukkast i ettermiddag å få ein kommentar frå den ivrigaste og mest kritiske spørsmålstillaren av dei alle, Kristin Selseng Vestreim.
– Eg er svært nøgd med måten dette spørsmålet har vorte besvart på, det er både utfyllande og opplysande. At staben i FAQavdelinga so kjapt besvarte spørsmålet “”kva er ein poll?”” er eit administrativt mesterstykkje korkje Sogn indre, eller landet forøvrig, har opplevd maken til, den kan anbefalast på det varmaste, seier ei for tida noko redusert men likevel oppglødd Selseng Vestreim.

For å oppleva Fresquently Asked Questions klikk her.
Har du spørsmål, send dei til faq@fresn.com