Nytt band bekrefta

Improduo inntek Fresn 2006! Det var med ikkje so reint lite tilfredsheit at bookingavdelinga ved Fres Festival 2006 mandag føremiddag kunne gå ut å kunngjera at den kritikarroste improvisasjonsduoen Hegg/Minothi Duo kjem til årets festival.

Hegg/Minothi Duo består av ringrevane øyvind Hegg Lunde og Morten Minothi Kristiansen som tidlegare har samarbeida på fleire prosjekt m.a. Minothi si soloplate [i]Tango[/i] frå 2003. Morten Minothi Kristiansen kjem meir eller mindre direkte frå Cape Town, der han nyss har avslutta si utadanning ved konservatoriet.
– Jeg kan allerede nå føle på kroppen alle de gode energiene jeg og Hegg skal spre på årets festival. Jeg er veldig inspirert og utrolig glad for å få muligheten til å spille på denne helfrekke festivalen, seier ein oppglødd Minothi Kristiansen på telefon frå dagsen i Oslo.

øyvind Hegg Lunde studerar for tida på jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen og er ellers kjent frå mysteriekulten Vulva, samt ei bøtte med andre Fresaktuelle band. Nyhende lukkast berre for få timar sidan å få ein kommentar frå Hegg Lunde;
– Detta verte jævli bra! So lenge eg slepp å eta pinnakjøt i offentlegheit, seier ein engasjert Hegg Lunde på videofon frå Zachen.

Hegg/Minothi Duo opptrer på Fres Festival 2006.

Lagt inn i Ymse

Bestillingsverk under oppsegling

Arne Torvik komponerar årets bestillingsverk til Fres Festival 2006 Etter ein lengre periodar med spekulasjon om korvidt Fres Festival var iferd med å mysse sitt stempel som høgborg for det høgkulturelle kunne leiinga med den største glede gå ut og melda at årets bestillingsverk er på veg. Det har ei god stund vorte spekulert i om Fresn kom til å verte kun eit fyllekalas for folk i cowboyhatt. Dette etter at det i det siste har vorte booka opptil fleire køntriband.

Det var difor til lette for mange at den alltid djerve festivalleiinga onsdag føremiddag kunne gå ut og fortelje at dei heilt sidan august 2005 har vore i kontakt med ein komponist med tanke på årets bestillingsverk. Som komponist har dei fått tak i ingen ringare enn jazzvidunderet Arne Torvik. Han har dei siste tre månadane oppholdt seg i ei koie på Filefjell for å ferdigstilla verket. Nyhende lukkast natt til idag å få ein kommentar frå Torvik:
-Det er klart eg vart overvelda når festivalleiinga spurde meg om eg ville skriva bestillingsverket til årets festival. Ikkje berre vart eg beæra, men eg vart og smått intimidert av denne utfordringa som ein må kunne sei er av gargantuanske proposjonar, seier ein småsliten men likeframt oppglødd Torvik på walkietalkie frå Filefjell.
-Eg jobba mykje i starten med å finna det rette utrykket, og det vart gått i ein del blindgater, men no nærmar verket seg målet og eg byrjar å verte svært nøgd, fortel ein engasjert Arne Torvik om bestillingsverket som førebels har fått arbeidstitttelen
[i]Eudamonia.[/i]

På spørsmål om kva festivalsjefen sjølv trudde om bestillingsverket svara ein travel Lars Tore Skau:
-Dette vert storveges! Arbeidstittelen er gresk for meg, men hey, dette vert fullstetndig NRK!

Bestillingsverket vert framført av Arne Torvik Jazz Ensemble på Fres Festival 2006.

Lagt inn i Ymse

Fresvik Køntrifestival?

Leiinga er i samtale med to nye band, to køntriband. Tidleg mandag 8.mai kunne leiinga fortelje Nyhende at to nye band er aktuelle for årets festival. Utan å nevne navn seier festivalleiiar Skau;”"”"-Jo, det stemmer, me er i samtalar med to slike roots and køntrigrupper”"”".

Etter det Nyhende har fått høyre er det snakk om ein headliner og eit mindre band som vil spele på kvar sin scene. På spørsmålet om Fresn har skifta konsept ler Skau; “”"”nei, me held nok på ingen-tofu konseptet ei stund til.”"”"

Ettersom utvalget av køntrigrupper i indre sogn er lite om ikkje-eksisterande, synsar Nyhende at det kan vere snakk om gruppene “”"”Nashville Revisited”"”" og “”"”I lust for Luster”"”". Dette er på ingen måte bekrefta vil redaksjonen understreke. Konsertane vil truleg finne stad kvar sin dag, med opptreden på CampStage laurdag 29.juli.
Meir seinare.”"

Spør, og du får svar!

FAQ tenesta på fresn.com fungerar over all forventning. Det var ikkje lenge lesarstormen kring pollen på fresn.com hadde rasa, på internett generelt og på fresnforumet spesielt, før avdelinga for Fresquently Asked Questions, ei synergiavdeling beståande av FresIt og FresSB, var ute med eit utfyllande svar. Det vidgjetne spørsmålet “kva er ein poll?” var som kjent eit mykje stilt spørsmål til FAQ-avdelinga ved Fres Festival, og det var ikkje lenge før spørsmålet var besvart etter alle kunstens reglar.

- At dette viktige spørsmålet (kva er ein poll? red. anm.) er besvart på ein so hurtig og tilfredsstillande måte beviser berre for ei djerv FAQavdeling vi fekk idet vi kombinerte FresIt og FresSB. Synergieffekten er heilt utruleg, seier ein oppglødd Gunnar Husabø, ITgeneralen ved Fres Festival 2006 på telefon frå Tangier.

Nyhende lukkast i ettermiddag å få ein kommentar frå den ivrigaste og mest kritiske spørsmålstillaren av dei alle, Kristin Selseng Vestreim.
- Eg er svært nøgd med måten dette spørsmålet har vorte besvart på, det er både utfyllande og opplysande. At staben i FAQavdelinga so kjapt besvarte spørsmålet “”kva er ein poll?”" er eit administrativt mesterstykkje korkje Sogn indre, eller landet forøvrig, har opplevd maken til, den kan anbefalast på det varmaste, seier ei for tida noko redusert men likevel oppglødd Selseng Vestreim.

For å oppleva Fresquently Asked Questions klikk her.
Har du spørsmål, send dei til faq@fresn.com