Lydanlegg i boks?

Digert PA-anlegg

Digert PA-anlegg

Fres powered by Ivory? Sentralt posisjonerte personar i tett kontakt – ja nesten utidig tett kontakt -med leiinga, kan fortelje at ein avtale om lydanlegg for Fresn er så og seie i hamn.

Etter det Nyhende kjenner til, er det Luster og omegn-bandet Ivory sitt PA-anlegg som skal syte for lyd til Fres festival i sommar.

Joachim Laberg har truleg fungert som mellommann mellom leiinga og Ivory. Han omtalar anlegget som “”””ein råtass””””. Nyhende fekk tak i ein travel Laberg gjennom ei utydeleg teleautografoppkopling til Dalen på Systrond.
-Det er eit brutalt anlegg: 24 kanalars Behringer-mixar, to 15″””” toppar med horn, to 18″””” subar, to kraftforsterkarar , to aktive monitorar og eit effektrack med kompressor, EQ og klang.
-[i]Kan du seie noko om prisen for å leige dette anlegget?[/i]
-Dette er ikkje noko eg vil kommentere på noverande tidspunkt.

-Vi kan seie så mykje som at dette vil vere eit kjempeløft for festivalen og heile organisasjonen. ??rets anlegg vil vere i ein heilt annan klasse enn fjorårets, kan frespropaganda-minister Håvar Ese Eliassen fortelje på Efax frå Grefsen.

Noko uvisse eksisterer framleis kring leigeavtalen. Mykje tyder på at Ivory har reservert seg frå å stille seg fullt bak avtalen, i det det framleis er uklårt om bandet har eigne speleoppdrag i Fres-helga. -Vi kryssar fingrane og håpar på det beste, avsluttar Laberg.””