Fresvik Køntrifestival?

Leiinga er i samtale med to nye band, to køntriband. Tidleg mandag 8.mai kunne leiinga fortelje Nyhende at to nye band er aktuelle for årets festival. Utan å nevne navn seier festivalleiiar Skau;””””-Jo, det stemmer, me er i samtalar med to slike roots and køntrigrupper””””.

Etter det Nyhende har fått høyre er det snakk om ein headliner og eit mindre band som vil spele på kvar sin scene. På spørsmålet om Fresn har skifta konsept ler Skau; “”””nei, me held nok på ingen-tofu konseptet ei stund til.””””

Ettersom utvalget av køntrigrupper i indre sogn er lite om ikkje-eksisterande, synsar Nyhende at det kan vere snakk om gruppene “”””Nashville Revisited”””” og “”””I lust for Luster””””. Dette er på ingen måte bekrefta vil redaksjonen understreke. Konsertane vil truleg finne stad kvar sin dag, med opptreden på CampStage laurdag 29.juli.
Meir seinare.””