BåååååååV

Galaksens tøffaste band bekrefta til Fres Festival 2006! Festivalleiinga freister å få nasjonaldagen flytta! BaaavTaket på Fres Festival HQ pa Skausgarden datt fredag føremiddag av då bookingavdelinga endeleg mottok bekreftinga på at Ubermannefetbandet Båååv tek turen med sine heilfrekke rockeanekdotar om drikking, ivrig seksuell omgang og , vel, om drikking og ivrig seksuell omgang.

Båååv, som har bak seg utgivelsane Tarm, Eru Singel og The Bruin Album, stiller på Fresn med ein høgpotent trio bestaande av Trond Frekkefræk, Supre Sven og Moms, eit blodreint syrstondsmonster. Årets Fresopptreden vert den fyrste på mange år og festivalleiinga har gått inn i ein tilstand av kollektiv eufori etter dei mottok berkreftinga fra Båååv.

– Vi har ingen ord for kor stort dette er! seier ein meir enn oppglødd festivalsjef Lars Tore Skau på telefon frå Fresvik.
– Vi har i denne augeblinken sett iverk den mektige Freslobbyen for å få pusha gjennom at 19. mai skal verte den nye nasjonaldagen i Noreg. Dagen vi fekk Bååååv til Fresn! seier ein rørt Skau.