Nytt band bekrefta

Improduo inntek Fresn 2006! Det var med ikkje so reint lite tilfredsheit at bookingavdelinga ved Fres Festival 2006 mandag føremiddag kunne gå ut å kunngjera at den kritikarroste improvisasjonsduoen Hegg/Minothi Duo kjem til årets festival.

Hegg/Minothi Duo består av ringrevane øyvind Hegg Lunde og Morten Minothi Kristiansen som tidlegare har samarbeida på fleire prosjekt m.a. Minothi si soloplate [i]Tango[/i] frå 2003. Morten Minothi Kristiansen kjem meir eller mindre direkte frå Cape Town, der han nyss har avslutta si utadanning ved konservatoriet.
– Jeg kan allerede nå føle på kroppen alle de gode energiene jeg og Hegg skal spre på årets festival. Jeg er veldig inspirert og utrolig glad for å få muligheten til å spille på denne helfrekke festivalen, seier ein oppglødd Minothi Kristiansen på telefon frå dagsen i Oslo.

øyvind Hegg Lunde studerar for tida på jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen og er ellers kjent frå mysteriekulten Vulva, samt ei bøtte med andre Fresaktuelle band. Nyhende lukkast berre for få timar sidan å få ein kommentar frå Hegg Lunde;
– Detta verte jævli bra! So lenge eg slepp å eta pinnakjøt i offentlegheit, seier ein engasjert Hegg Lunde på videofon frå Zachen.

Hegg/Minothi Duo opptrer på Fres Festival 2006.