Leiinga ut og beroligar festivalgjengarar

Fresadministrasjonen nedringt etter at norsk festival må avlyse. Det var i kjølvatnet av den rystande nyhenda om at kjendisfestivalen “”Føling i Fjæra””, arrangert av Ari Behn og Harald Zwart er avlyst.[url]http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=115165[/url]

Telefonlinjene på Fres HQ på Skausgarden i Fresvik har gløda heile dagen tirsdag etter at det vart kjent at “”Føling i Fjæra”” er avlyst som følgje av at festivalleiinga der ikkje har kome til einigheit med Comwell Hankø Spa og Hotell. Festivaldeltakarar over heile landet er no livredde for at noko liknande kan koma i vegen for årets utgåve av Fres Festival, og leiinga har hatt si fulle hyre med å berolige opprørte innringarar.

Heldigvis ser det ut til at noko slikt ikkje kan komma til å skje på Fresn 2006. Nyhende lukkast tirsag kveld å få ein kommentar frå Per Christian Grov frå festivalleiinga:
– Ein treng då ikkje noko jævla hotell for å leika festival, veit eg! Det vert ikkje noko “”Føling i Fresvik”” nei, seier ein sjølvsikker Grov på telefon frå Gr?nerløkka (mulighetenes bydel).