Festivalleiinga med nye meingar. Om mangt.

Leiinga for Fres Festival 2006 tek endeleg bladet frå munnen vedrørande fotball. Det var etter eit ekstraordinært styremøte natt til andre mai at leiinga for Fres Festival 2006 valgte å tilby si bistand til SIL Fotball. Nyhende har i skrivande stund ikkje fått nokon utfyllande kommentar om kva bistand det er snakk om, men det murrast visstnok i gangane til NFF sine lokale på Ullevoll Stadion at det i dette augeblikk kun er snakk om rådgjeving.

– Vi kan på dette tidspukt ikkje seie so mykje utover at ein fotballklubb som kjøper ein spelar ved namn Barry Kader ([url]http://fotball.aftenposten.no/forstediv/article55311.ece[/url]) og greier å plassera han i ein annan posisjon enn forsvar har desperat behov for ekstern kompetanse, seier ein hastig Per Christian Grov etter det ekstraordinære styremøtet ved Fres HQ på Skausgarden i Fresvik.