Bestillingsverk under oppsegling

Arne Torvik komponerar årets bestillingsverk til Fres Festival 2006 Etter ein lengre periodar med spekulasjon om korvidt Fres Festival var iferd med å mysse sitt stempel som høgborg for det høgkulturelle kunne leiinga med den største glede gå ut og melda at årets bestillingsverk er på veg. Det har ei god stund vorte spekulert i om Fresn kom til å verte kun eit fyllekalas for folk i cowboyhatt. Dette etter at det i det siste har vorte booka opptil fleire køntriband.

Det var difor til lette for mange at den alltid djerve festivalleiinga onsdag føremiddag kunne gå ut og fortelje at dei heilt sidan august 2005 har vore i kontakt med ein komponist med tanke på årets bestillingsverk. Som komponist har dei fått tak i ingen ringare enn jazzvidunderet Arne Torvik. Han har dei siste tre månadane oppholdt seg i ei koie på Filefjell for å ferdigstilla verket. Nyhende lukkast natt til idag å få ein kommentar frå Torvik:
-Det er klart eg vart overvelda når festivalleiinga spurde meg om eg ville skriva bestillingsverket til årets festival. Ikkje berre vart eg beæra, men eg vart og smått intimidert av denne utfordringa som ein må kunne sei er av gargantuanske proposjonar, seier ein småsliten men likeframt oppglødd Torvik på walkietalkie frå Filefjell.
-Eg jobba mykje i starten med å finna det rette utrykket, og det vart gått i ein del blindgater, men no nærmar verket seg målet og eg byrjar å verte svært nøgd, fortel ein engasjert Arne Torvik om bestillingsverket som førebels har fått arbeidstitttelen
[i]Eudamonia.[/i]

På spørsmål om kva festivalsjefen sjølv trudde om bestillingsverket svara ein travel Lars Tore Skau:
-Dette vert storveges! Arbeidstittelen er gresk for meg, men hey, dette vert fullstetndig NRK!

Bestillingsverket vert framført av Arne Torvik Jazz Ensemble på Fres Festival 2006.