Statleg kompetanse til Fres Festival

Fres Festival får orden på eigen statistikk

Det var i kjølvatnet av dei siste dagars oppheita debatt kring statistikken om Fres Festival 2006 sitt onlinetilbod fresn.com at festivalleiinga kunngjorde at dei kjem til å tilsetje øyvind Vormeland Salte frå Statistisk Sentralbyrå, SSB, som statistisk ansvarleg. Dette for å få klarheit i debatten, som har dreid seg om kovidt det faktiske er noko sannheitsgehalt i det heile i statistikken som tilseier at interessa rundt fresn.com er i ferd med å nå intergalaktiske proposjonar.

At Vormeland Salte no tiltrer i stillinga som statistisk ansvarleg vekker oppsikt både lokalt og nasjonalt, og ikkje minst hjå Vormeland Salte sjølv. På spørsmål om korvidt han kunne vore interessert i stillinga som statistisk ansvarleg svara ein oppglødd Vormeland Salte;
-Så klart. Det ville være en ære!

Frå utsida kan dette verka som nok eit vitnesbyrd på festivalleiingas fortreffelege vurderingsemne og handlekraft, å hyra inn ekstertn kompetanse for å skapa klårheit i eit betent tema. Men so enkelt har det denne gong ikkje vore festivalsjef Skau og dei andre i leiinga. Den som har fulgt med på den lidenskaplege ordtøkja op fresstatistikken har sikkert fått med seg at den mest kristiske røysta var nettopp nytilsette Øyvind Vormeland Salte si, og at det var nettopp han som sådde tvil kring det reint metodiske aspektet ved fresn.com sine statistikkar.

På direkte spøsmål om dette er eit utykk for klassisk renkespel frå leiinga si side svara festivalsjef Lars Tore Skau;
-Vi skjønar at den gravande delen av pressa lett kan stilla spørsmål til våre prosedyrar kva tilsetjingar vedkjem, men som vi seier i leiinga, gjer ikkje ei utfordring til ein del av eit problem, gjer heller utfordinga til ein del av staben!

I ein kommentar i etterkant av tilsetjingsmøtet seier Per Christian Grov frå leiinga at Vormeland Salte kjem til å få fleire arbeidsoppgåver enn rein statistikkhandsdaming.
-Den som har fulgt denne svært interessante debatten tett har sikkert lagt merke til at Vormeland Salte, som og held ein bachelor i symbologi, ikkje berre er ein framifrå statistikar, men også ein djerv kodeknekkar og ein røynd konspirasjonsteoretikar. Vormland Salte kjem difor til å væra ein sikkerheitsventil for Fres Festival 2006. Vormeland Salte vil væra vår garantist for vi aldri kjem til å konspirera med den heilage pavestolen, IKEA eller andre malignante imperium.