Stor pågang på nettsidene

,

I fylgje nye målingar har nettstaden fresn.com vakse seg stor. Så stor at leiinga no er bekymra. Det er målingar utført den 18.april som tydar på ein eksplosiv auke i trafikken på nettstaden. Heile 67888 treff har sida hatt sidan åpninga, 67081 av desse sidan februar. -Om dette fortset ser eg ikkje bort frå behov for sterkare servar, kjem det frå vevsjef Gunnar Husabø. Han har i samråd med designleiar Grov og redaktør Eliassen sett på alternative løysingar.

-Ein ting er sikkert, med valid xhtml vil ikkje sida bryte saman, men me kan bli vitne til dårleg journalistikk og tvilsame diskusjonar. Husabø vil gjerne roe alle besøkande med nokre velvalgte ord;  -Pølsa er guddommelig mat, for berre Vårherre veit kva som er i den.
Me ser utfrå kakediagrammet me har fått av det danske nettselskapet B-one, at Noreg (eller Norway) leiar besøksantalet for april 2006 ganske valdsamt. Men det er verdt å få med seg at USA pustar oss i nakken med 449 treff, Irland med 152 og Sør-Afrika med 150. Dette viser ei tydeleg golbalisering av festivalen, og tyder KUN på at Fresvik er blitt større enn summen av sine innbyggarar(dette er ikkje leiingas offisielle syn). -Fyrst og fremst er dette god lesing, seier festivalsjef Lars Tore Skau i det han ringer festivalsveisar Robert Borlaug. “For det skal mykje meir enn ei nettside til for å lage festival!”