Sensasjonell forfremjing!

Web executive gets his button

Etter lengre tids ekstrem lojalitet til Fres Festival har IT sjef Gunnar Husabø endeleg vorte ein made man. Han trer med dette inn i sjølvaste festivalleiinga som no vert utvida til eit firkløver. Dette melder leiinga på ei ekstraordinær pressekonferanse fredag ettermiddag.

- Vi er svært glade for å kunna melda at Husabø endeleg har vorte ein del av det mest vitale organet i Fresorganisma! Husabø er ein mann som meir enn nokon har jobba på seg rektal irritasjon for å få avvikla denne festivalen. Vi i leiinga ønskjer han hjarteleg velkommen som wiseguy!

Denne forfremjinga er sensasjonell i og med at det er fyrste gong at nokon trer inn i det aller uheilagste som er festivalleiinga.

Nyhende lukkast i ettermiddag å koma i kontakt med Husabø, som var vilt oppteken med å bada i sjampis og lesa gratulasjonstelegram frå stat sovel som kommune og kongehus.

- Overraska, overvelda, eg, eg, eg veit ikkje kva eg kan seie for å beskriva dette karrierhoppet. Eg skal no sporenstreks på Knausen å feira med buffet og fem kalde pilsnerøl av merket Hansa Borg, seier ein ekstremt oppglødd og nyforfremja Husabø på telefon.
- Skjønt det framleis ikkje heilt har gått opp for meg at dette faktisk har skjedd er eg heilt bevisst på at dette ikkje skal påverke arbeidet eg gjer i kraft av å vere websjef. Men ikveld, akkurat ikveld, er Knausen arena for den mest sanselause feiringa noko sinne.

På spørsmål om kvifor festivalleiinga, dette eingang so myteomspunne politbyroet, har valgt å ta opp ein ny medlem svara festivalsjef Lars Tore Skau at nytt blod er av største viktigheit dersom festivalen framleis skal ha den edgen som krevst.
- Dessutan hadde vi eit ledig kontor i HQ i på Skausgarden, og kven betre enn Husabø med sitt uttømmelege engagement for festivalen til å fylla det?

Dette innlegget vart lagt inn i Fres 2006, Leiinga informerer med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.