årets bilete kåra

Den heldige vinnaren enno ikkje underretta om sigeren i åpen klasse for journalistisk foto. Endeleg kom avgjersla så mange fres-deltakarar har venta på. I den høgt profilerte fotokonkurransen utlyst på www.fresn.com har fotografar frå heile Sogn aktivt sendt inn deira beste “shots” frå festivalen i fjor.

Juryen beståande av alle, bortsett frå tre, i leiinga valgte vinnarbildet på grunnlag av komposisjon og tema i biletet. Vinnaren, Håvard Jansen, har enno ikkje fått beskjeden då han for tida befinn seg i Danmark. Nyhende gratulerar borjinden, og sender samstundes ein bukett imaginære roser ned til han.

I juryens avgjersle står det: “-Jansen har klart å få fram, ikkje berre gleden ved å vere på festival, men også dei problema ein møter på med hensyn til toalettfasilitetar.” Juryformann Per Christian Grov presiserar at det var ei vanskeleg avgjersle då alle bileta var særs gode. Andreplassen gjekk til Randi Mørkrid for sitt portrett av Bjarne Syskjenbornettehangoinnarogeilert.

Sjå fleire bilete i galleriet

Legg merke til unge Mæhle oppe til høgre

fresn.com ekspanderar. Igjen.

Ny og oppklårande underside til allereie lettfatteleg nettside.

Det var i ei rosa sky av gledde og pasjon at IT avdelinga på Fresn, ved IT sjef Gunnar Husabø natt til tirsdag kunne klyppa navlestrengen til den nye frequently asked questions undersida på fresn.com. På denne sida vil den ivrige festivaldeltakar kunne hente inn viktige data om korleis ein skal komma seg til Fres Festival 2006, når den er, kva ein skal ha med seg og so bortetter.

Det er som eit meir eller mindre direkte resultat av smarbeidet mellom IT avdelinga og Fresstatistisk avdeling, ved øyvind Vormeland Salte at denne informasjonstekniske babyen no er fødd. Mange i dagpressa har allerie reist seg i ei blanding av undring og begeistring og ropt synergi! synergi!, men på ei ekstraordinær pressekonferanse i samband med opninga av FAQ-sida var Husabø og Salte, representantar for høvesvis IT og Fresstatistisk avdeling, raskt ute med å dimmitere slike motebegrep til fordel for dei gode gamle hardt arbeid, ståpåvilje og forsaking av familie og privatliv.

- Det er klart at det er lagt ned mykje arbeid her, men vi følte at det var festivaldeltakarens rett og ikkje minst ønskje å få løpande oppdatering om det praktiske kring avviklinnga av Fres Festival 2006. Vi er difor opptekne av å få inn fleire innspel og spørsmål frå befolkninga, seier ein oppglødd Husabø til det store presseoppbodet.

- Ein god FAQ er som språket, heile tida i utvikling, heile tida vert nye aspekt generert og vi vil difor kontinuerleg oppdatera FAQen med nye svar. Det er difor oppretta ei dedikert mailadresse der nyfikne festivaldeltakarar kan sende inn sine velformulerte spørsmål, seier V Salte idet han banar seg forbi mikrofonstormen og blitzregnet utanfor Fres HQ.

Spørsmål til FAQ, Fresquently Asked Questions kan sendast til faq@fresn.com

Fres 2006 outsourcar!

Fres Festival med frekk globalkapitalistisk manøver. Ekstern kompetanse hyrt inn til kafédrift. Mandagens melding om at Fres Festival 2006 outsourcar delar av drifta kom som eit veritabelt sjokk på dei fleste. Festivalen, hvis leiing alltid har snakka om uavhengigheit frå verdskapitalen, går no til det skritt å hyra inn ekstern kompetanse for driftinga av kafe på festivalcampen. Festivalleiinga var heile mandag morgon travelt oppteken med å sløkkja brannar i dei politisk korrekte leirar rundt om i landet.

- Vi har valgt å gå til dette skrittet av di det det stod om outsourcing eller ingen kafé i det heile. Vi vil og påpeike at firmaet vi kjem til å nytte er velrenomert innan pappkrus og seviettbasert kafédriftsmilieu, seier Per Christian Grov frå leiinga i ein kjapp kommentar.

Firamet som fekk tilslaget skal etter det NA24.no melder være det Sogndal/Oslo baserte firmaet MEKafé Consulting Inc. som i ei årekke har drifta kaféløysingar ut ei rekke kjøkenvindauge rundtom i landet sovel som på kontinentet. Det har i skrivande stund ikkje vore mogleg for Nyhende å få fat i Mari Engesæter, adm dir i MEKafé for ein kommentar.

Det mange no spør seg er om Fres Festival er i ferd med å gå på børs med si sjel. Vil inntrede av eit panhemisfærisk kafédriftings konsortium knekke den uavhengige ånda i Festivalen? Festivalsjef Lars Tore Skau kommenterer;

-Sjølv om vi har overlete drifta av kaféen til MEKafé, herunder innhyring av stab til denne, vil ikkje det dermed sei at nokon kan komma å legga føringar på leiinga angåande andre aspekt ved festivalen. MEKafé vil til dømes ikkje ha noko med booking, sveising, fresjuss eller fresstatistikk å gjere. MEKafé er no rett nok vorte eit organ i fresorganisma, men det mest vitale organet vil framleis manifestera seg i festivalleiinga, seier Skau i ein teleks.