Skuffa leiing drøftar søksmål.
Den framadstormande perkusjonisten øyvind Hegg-Lunde har avlyst sin opptreden under sumarens Fres Festival. Han prioriterar istadet ein supportjobb for Terje Isungset.
-Reint kontraktsbrot, rasar Håvard Ese Eliassen. Det var ikkje mogleg å komme i kontakt med Hegg-Lunde for ein uttalelse.
-Verkeleg eit slag i magen, men me jobbar hardt med å få til ein erstattar, kjem det frå Eliassen. I følge leiinga vil dei bringe saka vidare, og dei er sikre på å triumfere. -Dette er ikkje fyrste gongen me har hatt ei tvistesak, uttalar uavhengig juridisk representant stud. jur. Syver Grepstad, -Hegg-Lunde er småfisk, slikt kan berre gjere oss sterkare.
Erstattar vil bli offentleggjort dei næraste vekene. Leiinga ynskjer ikkje å nevne navn enno.