Fresartist vert serieteiknar.

Ungt multitalent til Fres Festival 2006 Det var i eit openhjartig intervju i Morgenbladet denne veka at Joachim S Laberg kunne meddela at han no tek steget frå å væra berre musikar til å bli både musikar og teikneserieteiknar. Laberg, som på Fresn kjem til å stå på scena i kraft av sitt arbeidaralterego Joe Labour, driv nemleg for tida med å ferdigstilla første utagåve av si teikneserie om den hardkokte detektiven Jon. Heilt utan erfaring er Laberg då heller ikkje, kva teikning vedkjem. Mange hugsar sikker den treffande systemkritiske satiren han teikna tidlegre i år.

-Eg har alltid sysla med teikning, men det er fyrst no eg tek steget ut av guterommet med teikninga, seier ein oppglødd Laberg i ein fax. Han påpeikar og at detektivkarakteren Jon er ein figur han har jobba med heilt sidan gymnasdagane på Sandane.
-Miljøet på Sandane var jo eit tungt belasta miljø på fleire måtar, kriminellt sovel som mentalt. Dette miljøet trengde eg å få kommunisert til omverda, og eg starta å laga pilotseriar med detektiven Jon som eg delte ut til vener og kjente på musikklinja ved Firda vgs. Slik var Jon fødd, seier ein oppglødd Laberg i eit ilbrev.

Det er i skrivande stund ikkje klart om Laberg kjem til å laga ein Jon-episode med Fresn som location, men rykta går i skribentmiljøa på Grünerløkka og på internett.