Fresorganisma spreiar sine armar.

Fres Festival 2006 sender delegatar til Mexico
Avdelinga for interkontinentalt samarbeid ved Fres Festival 2006 kunne natt til søndag i ei ekstraordinær pressekonferanse melde at dei har sendt ut to delegatar for å pleie kontaktar med venskapsundergrunnsfestivalar i Mexico. Delegasjonen består av Lars Tore Skau frå festivalleiinga og Syver Grepstad frå fresjuridisk avdeling. Delegasjonen kjem til å operera frå Fres Festival sin ambassade i Tiuana. Herifrå kan dei kome i kontakt med meksikanske undergrunnsfestivalar for å utveksla erfaringar og visittkort.

-Dette er ei ekstremt viktig erfaring både for med sjølv og ikkje minst for Grepstad frå juridisk avdeling. Vi satsar på å få kontakt med minst ti meksikanske festivalar dei neste to vekene. Vi kjem eg til å bruka ein del tid her i ambassadebyen Tiuana for å følgja opp dei verdifulle kontaktane som vart oppretta av Håvard Ese Eliassen frå festivalleiinga og festivalsveisar Robert Borlaug då dei sist vitja byen i mars 2005, seier ein oppglødd Skau på tri-band frå Tiuana, Mexico.