Fresaktuelt band går i studio

Joe Labour and HUM spelar inn EP Dei sosialt bevisste rockarane i Joe Labour & His Union Members er for tida i studio med sin debut EP. Første del av er allereie gjort ferdig i det ærverdige studioet Caalabakken Cutting Room, kjent mellom anna for å ha gjort sideprosjekta til Vulvadissidentane Husaboe og Eliassen. Vidare er no prosessen å fullføra i Jocko Records sitt eige ProteenShakes Studio i dagane og vekene som kjem.

På spørsmål om korvidt det interne samarbeidet i bandet har fungert bra kunne trommis Gunnar Husabø fortelje at det ikkje alltid er like lett å spela inn skive.
-Allereie tidleg i opptaksprosessen vart vi stilt ovanfor problem av teknisk art. Det er ikkje alltid vidundermaskiner gjer det enklare for ein. I tillegg har ein og alltid den evinnlege debatten kring det kretive aspektet ved ei innspeling. Når alle medlemmane i eit band skal verte nøgde med resultatet er det klart at det vert ein heil del “gi og ta”, og for min del ein heil del gi, seier ein småsliten Husabø idet ein kamel teiknar sin megetseiande relieff mot utsida av halsen hass.