fresn.com ekspanderar. Igjen.

Ny og oppklårande underside til allereie lettfatteleg nettside.

Det var i ei rosa sky av gledde og pasjon at IT avdelinga på Fresn, ved IT sjef Gunnar Husabø natt til tirsdag kunne klyppa navlestrengen til den nye frequently asked questions undersida på fresn.com. På denne sida vil den ivrige festivaldeltakar kunne hente inn viktige data om korleis ein skal komma seg til Fres Festival 2006, når den er, kva ein skal ha med seg og so bortetter.

Det er som eit meir eller mindre direkte resultat av smarbeidet mellom IT avdelinga og Fresstatistisk avdeling, ved øyvind Vormeland Salte at denne informasjonstekniske babyen no er fødd. Mange i dagpressa har allerie reist seg i ei blanding av undring og begeistring og ropt synergi! synergi!, men på ei ekstraordinær pressekonferanse i samband med opninga av FAQ-sida var Husabø og Salte, representantar for høvesvis IT og Fresstatistisk avdeling, raskt ute med å dimmitere slike motebegrep til fordel for dei gode gamle hardt arbeid, ståpåvilje og forsaking av familie og privatliv.

– Det er klart at det er lagt ned mykje arbeid her, men vi følte at det var festivaldeltakarens rett og ikkje minst ønskje å få løpande oppdatering om det praktiske kring avviklinnga av Fres Festival 2006. Vi er difor opptekne av å få inn fleire innspel og spørsmål frå befolkninga, seier ein oppglødd Husabø til det store presseoppbodet.

– Ein god FAQ er som språket, heile tida i utvikling, heile tida vert nye aspekt generert og vi vil difor kontinuerleg oppdatera FAQen med nye svar. Det er difor oppretta ei dedikert mailadresse der nyfikne festivaldeltakarar kan sende inn sine velformulerte spørsmål, seier V Salte idet han banar seg forbi mikrofonstormen og blitzregnet utanfor Fres HQ.

Spørsmål til FAQ, Fresquently Asked Questions kan sendast til faq@fresn.com