Fres Festival på trygg ideologisk grunn.

Leiinga bekreftar sin filosofi etter reaksjonar mot Målrock i Årdal sitt ideologiske knefall. I kjølvatnet av at festivalleiinga i Målrock no må tåla bøttevis med grovmalt pepar i samband med at dei til årets festival har booka inn engelskspråklege band rasar no debatten, alle andre stadar enn på Fresforumet, om korvidt vi i år eller moglegvis i åra som kjem vil oppleva noko liknande frå Fresleiinga si side. Folk spør seg no om dersom det er mogleg at ein festival for band og artistar som syng på dialekt og nynorsk no bookar inn engelskspråklege acts, er det då mogleg at vi på Fres Festival kjem til å oppleva tofu, soyamjølk eller produkt frå Sunkost? Andre igjen spør seg korvidt dette berre er eit utrykk for generell dårleg moral og manglande emne til å kunne stå for det ein faktisk står for blant festivalarrangørar i Sogn indre.

For å roa det heile ned eit par grader valgte leiinga i Fres Festival natt til onsdag å kalla inn til ei ekstraordinær pressekonferanse for å orientera, sovel som å opplysa, ålmenta generelt og festivaldeltakarar spesielt.

– Det er klart vi no føler presset, når vi ser andre festivalar felle sine ideologiske lauv frå treet dei kallar ein festival. Men vi i Fresn veit at utan lauva fungerar heller ikkje stammen. Det er med dette in mente at leiinga no vil gå ut å garantera for at til dømes soyabasert Fresmerch aldri vil verte å sjå. Vi vil og avstå frå å booka inn band som spelar på tofu, seier ein tydeleg pressa men fatta festivalleiar Lars Tore Skau til det store presseoppbodet.

På spørsmål om korvidt Fres Festival også er iferd med å mista sitt moralsk fotfeste svarar Per Christian Grov frå festivalleiinga følgjande; – I og med at Fres Festival er ein festival fullstendig blotta for moral finn vi denne særs vanskeleg å undergrava denne.