Seier ‘diverre’ til gitarkameratar

Askil Holm, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Espen Lind vil truleg [i]ikkje[/i] få delta på årets Fres Festival. Langtids festivaltopp Håvard Ese er i kveld invitert med VIP-pass og kulturpersonlegdom-akkreditering til konsert med Askil Holm, Idol-Kurt, Idol-Ali og Espen Lind på Spektrum.

Det har lenge vore venta at manager Jon Fredrik Karlsen skulle prøve å få dei dei fire artistane inn på Fres Festival ved hjelp av ein slik sjarmoffensiv. Etter det Nyhende-redaksjonen kjenner til, er det svært usannsynleg at ein slik avtale vil finne stad. I følgje ei anonym kjelde som står nær festivalleiinga har managementet til dei fire over lengre tid freista å relansere dei dalande karrierane gjennom festivalen. I festivalleiinga har det vorte murra om at dette ikkje er nokon “”””annanrangs Momarken-festival””””, og at ei slik gruppe vil vere skadeleg for Fres sitt image.

-Vi er stadig vekk i kontakt med artistar og management som freistar å auke deira synlegheit gjennom opptreden ved Fres Festival. Vi vel likevel artistane ut frå kriterie om musikalsk integritet og motebevisst utsjånad. Du vil aldri sjå leiinga for Fres Festival bukke under for bestikkelsar, seier ein fåmælt Per Christian Grov i ei melding over teleprompter.””