Fresaktuelt band på barrikadane

Joe Labour and His Union Members støttar opp om arbeidarar i Russland I samband med årets 1.mai feiring legg dei solidaritetsbevisste arbeidarrockararne i Joe Labour and HUM turen til Moskva for å markera den store dagen. Med Joe Labour sjølv i spissen kjem kvintetten til å stå og gå skulder mot skulder med dei mest arbeidande av dei arbeidande, dei russiske arbeidarane. Dette på sjølvaste den Raude Plass.

– Det skal verta einn sann fryd å kjempa for dei svakes rettigheiter og å visa vår solidaritet med den hardtarbeidane russiske proletar. Vi ser og fram til å synga Internasjonalen av full hals mellom løkkuplane på den Raude Plass, melder ein oppglødd Joe Labour på telefon frå Gardermoen.

I skrivande stund har det ikkje lukkast Nyhende å få meir enn denne kjappe kommentaren frå friheitsforkjemparane i Joe Labour and HUM.

[i]Nyhende kjem attende med meir.[/i]