www.fresn.com ekspanderar!

Ny underside til allereie vidgjeten vevside. Nettavdelinga ved Fres Festival 2006 hovudkvarteret i Fresvik kunne tirsdag føremiddag med stor iver og glede melda at www.fresn.com no er utvida med ei artistside. Denne tenesta kan nyttast av alle og einkvar der ute som måtte beherska det multimediale verktøyet “”mus””.

Dette informasjonsmessige koldbordet kan inntakast i fulle drag her
lenkje fjerna

-Vi er særs nøgde med den nye modulen av heimesida, melder ein tydeleg sliten, men lukkeleg vevsjef Gunnar Husabø, i ei pressemelding.