Tofu på Fresn?!

Spørsmål om revidering av sjølvaste Manifestet.

Nei til TOFU

Nei til TOFU

I kjølvatnet av dei siste dagars overhengande fare for ein E.coli pandemi spør mange seg no om det på Fres Festival 2006 vil verta gjeve dispansasjon for tofuforbodet som tydeleg framgår av paragraf tre av Manifrestet. Sjølv om E.coli ikkje rammar sokalla unge friske menneske, som brorparten av Frespublikummet består av, har det likevel komme signal om at eit alternativ til Sognemorr og andre kjøtrelaterte produkt er ønskeleg.

På ei pressekonferanse onsdag kveld redgjorde Lars Tore Skau for Festivalleiinga sitt syn.
-Vi er fullt klar over at folk der ute er bekymra for E.coli bakterien, og vi er naturlegvis opptekne av at folk skal kjenna seg trygge på Fresn. Men Manifrestet er sjølve ryggrada i Fres Festival, og paragrafane i Manifrestet er for Fresn sine grunnvollar det Leca-blokker er for grunnmurane under dei tusen heimar. Det er difor heilt umogleg for oss å endra på ein eller fleire av desse paragrafane, og paragraf tre seier ordrett; Det vil ikkje under nokon omstende verta høve til å nyta eller oppbevara tofu under Fres Festival. Vi ber difor for forståing for at vi ikkje kjem til å endra på Maniferstet og for at det ikkje vil verta gjeve nokre dispansasjonar. Å endra på Manifrestet ville væra eit ideologisk sjølvmord, seier ein alvorstynga Lars Tore Skau frå festivalleiinga på satelitt frå vestlandshovudstaden.

-Det bur ein karnivor i oss alle, seier Gunnar Husabø, IT sjef for Fres Festival 2006, i ein kommentar.