www.fresn.com ekspanderar!

Ny underside til allereie vidgjeten vevside. Nettavdelinga ved Fres Festival 2006 hovudkvarteret i Fresvik kunne tirsdag føremiddag med stor iver og glede melda at www.fresn.com no er utvida med ei artistside. Denne tenesta kan nyttast av alle og einkvar der ute som måtte beherska det multimediale verktøyet “”mus”".

Dette informasjonsmessige koldbordet kan inntakast i fulle drag her
lenkje fjerna

-Vi er særs nøgde med den nye modulen av heimesida, melder ein tydeleg sliten, men lukkeleg vevsjef Gunnar Husabø, i ei pressemelding.

Fagmann til Fres Festival 2006

Sertifisert sveisar inntek Fresn Platearbeidar og kosmopolitt Robert Borlaug har takka ja til stillinga som festivalsveisar før og under årets utgåve av Fresn.
-Eg gledar meg stort til å ta fatt på alle dei spanande sveiserelaterte utfordringane i samband med Fres Festival 2006, seier ein oppglødd Borlaug på telefon frå Havyard Leirvik i Ytre Sogn.

Festivalleiinga utrykkjer også stor glede og entusiasme over å få ein fagmann av Borlaug sitt kaliber med på laget.
-Vi er naturlegvis utrøytteleg opptekne av å garantera profesjonalitet i alle ledd, og til dét treng vi fagfolk. Det er til nettopp denne kvaitetssikringa at sveisar og verdsboragar Robert Borlaug er vår garantist, seier Håvard Ese Eliassen i ein kommentar.

Fresn-nyhenda får RSS

Fresn.com tek gigantsprang ut i den digitale verda. Fresn.com har no fått RSS-feed. Du kan abonnere på den ved å klikke lenka nedst på denne sida.

For deg som enno ikkje er turr bak øyrene i internettutviklinga, er RSS ein “”web feed”". Forkortinga står, avhengig av versjon, anten for “”Really Simple Syndication”", “”Rich Site Summary”" eller “”RDF Site Summary”" (fresn.com nyttar sistnemnde). RSS gjer at ein kan få nyhenda tilsendt (nesten som) e-post med ein gang dei vert lagt ut. Slik kan du halde deg oppdatert på siste fresn-nytt med ein gang det skjer, utan å sitje og oppdatere nettlesaren din heile dagen slik du gjer no.

For å lese RSS må du ha ein lesar som støttar dette formatet. Fresn-leiinga vil anbefale Opera eller Mozilla Firefox, som har integrert feedane i nettlesaren. Elles har også epostprogram som t.d. Mozilla Thunderbird også denne funksjonen. Enkeltståande RSS-lesarar finst også (t.d. Feedreader for Windows og Newsfire for Mac).

For å lese rss i Firefox må du klikke på den oransje linken til høgre i adresselinja.

http://www.opera.no
http://www.firefox.no
http://www.feedreader.com
http://www.newsfirerss.com