IT sjef gjev av seg sjølv

Medarbeidar i Fres Festival testa for E.coli.

Nyhenda om at tilsette ved måravdelinga på Gilde i Sogndal skal testast for E-coli kom like overaskande på leiinga i Fres Festival 2006 som på alle andre. Under eit hastemøte mellom leiinga og IT avdelinga er det kome til einigheit om at openheit er the way to go. Sjef for IT avdelinga, Gunnar Husabø, som i ei årrekke betjente mårmaskina på Gilde i Sogndal har difor bestemt seg for å avgje prøve til Mattilsynet.

-Det er jo naturlegvis ikkje til å legga skjul på at dette er ein situasjon eg gjerne skulle vore forutan, men eg finn det særs viktig å reinvaska meg sjølv, i alle meiningar av begrepet, og eg vil difor levere inn krukka mi førstkommande mandag, seier Gunnar Husabø i eit openhjartig intervju.