Fresmedarbeidar reinvaska.

IT sjef pustar letta ut.

Det var med stor glede at IT avdelinga ved Fres Festival 2006 kunne innkalla til ekstraordinær pressekonferanse tirsdag ettermiddag. Det var ein tydeleg letta gjeng som var benka bak Farrisflaskene på Hopstock i Vik for å snakka med pressa. Og spesielt letta var nok ein Gunnar Husabø, mangeårig tilsett ved mårmaskina på Gilde Sogndal, og noverande IT sjef for Fres Festival 2006

– Det er naturlegvis svært gledeleg og ei stor letting for meg personleg at krukka mi kom gjennom laboratorieprøvane med negativt resultat. Stor glede var det og at alle dei 62 andre tilsette ved Gilde Sogndal sine prøvar og kom attende like negative. No kan endeleg alle der inne igjen turka sine rass med godt samvit. Men det viktigaste no er naturlegvis at det igjen vert ro ikring heile IT avdeling på Fres Festival, og ikkje minst ikring min eigen person, slik at det viktige arbeidet med avviklinga av årets festival kan halde fram med uforminska styrke. Tida er atter komen for at det på IT kontoret i Fresvik vert diskutert sak og ikkje person, seier ein oppglødd Husabø i ein faks.