Fresn-nyhenda får RSS

Fresn.com tek gigantsprang ut i den digitale verda. Fresn.com har no fått RSS-feed. Du kan abonnere på den ved å klikke lenka nedst på denne sida.

For deg som enno ikkje er turr bak øyrene i internettutviklinga, er RSS ein “”web feed””. Forkortinga står, avhengig av versjon, anten for “”Really Simple Syndication””, “”Rich Site Summary”” eller “”RDF Site Summary”” (fresn.com nyttar sistnemnde). RSS gjer at ein kan få nyhenda tilsendt (nesten som) e-post med ein gang dei vert lagt ut. Slik kan du halde deg oppdatert på siste fresn-nytt med ein gang det skjer, utan å sitje og oppdatere nettlesaren din heile dagen slik du gjer no.

For å lese RSS må du ha ein lesar som støttar dette formatet. Fresn-leiinga vil anbefale Opera eller Mozilla Firefox, som har integrert feedane i nettlesaren. Elles har også epostprogram som t.d. Mozilla Thunderbird også denne funksjonen. Enkeltståande RSS-lesarar finst også (t.d. Feedreader for Windows og Newsfire for Mac).

For å lese rss i Firefox må du klikke på den oransje linken til høgre i adresselinja.

http://www.opera.no
http://www.firefox.no
http://www.feedreader.com
http://www.newsfirerss.com