E-Coli på Fresn?

Høgståande medarbeidar i festivalleiinga involvert i skandaleslakteriet i Sogndal.

Det var i kjølvatnet av dei siste dagars avsløring av E-coli bakteriar i mårpølsepakkar frå Terina AS slakteriet i Sogndal at det under eit ekstraordinært styremøte i Fres Festival 2006 kom fram at ein medarbeidar som jobbar tett saman med leiinga til all sannsynlegheit har vore, eller i verste fall er, involvert i denne skandalen. Sjefen for IT avdeling på Fres Festival, Gunnar Husabø, betjente frå 1998 til 2003 mårpølsemaskina som no har blitt sett i eit mindre enn flatterande lys.

– Dette er ein særs tung dag for meg personleg, men óg for alle andre som er tilknytta Gilde i Sogndal generelt og mårmaskina spesielt. Sjølv om det i denne stund sjølvsagt er naturleg, kanskje til og med ønskeleg, å late tankane gå til dei familiane som er ramma, er det vanskeleg å tenka på noko anna enn mårmaskina som eg i fleire å jobba tett i lag med, seier ein vonbroten Gunnar Husabø.


På spørsmål om kva konsekvensar dette vil få for Fres Festival 2006 svarar Per Christian Grov unnvikande.
-Dette er noko vi lyt ta internt, seier Grov i ein kjapp kommentar på veg til ekstra ekstraordinært hastemøte i generalforsamlinga for Fres Festival.